Bakgrunn

Fra Nordterm Wiki
Sideversjon per 17. sep. 2010 kl. 11:11 av 83.145.224.229 (diskusjon) (Ny side: == Språksituasjonen i Norden == Dei nordiske landa femnar om Danmark, Færøyane, Grønland, Finland, Åland, Island, Noreg og Sverige. Både Færøyane og Grønland er ein del av kongeri...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Språksituasjonen i Norden

Dei nordiske landa femnar om Danmark, Færøyane, Grønland, Finland, Åland, Island, Noreg og Sverige. Både Færøyane og Grønland er ein del av kongeriket Danmark, medan Åland er ein del av republikken Finland.

I dette området blir det snakka dansk, finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk, norsk (bokmål og nynorsk), samisk og svensk. Somme av desse språka er nærskylde, medan andre ikkje er i slekt i det heile. Det er ei rekkje to- og fleirspråklege område i Norden, og eit omfattande nordisk samarbeid har gjeve ein lang tradisjon for omsetjing og tolking.


Historie

Det er lang tradisjon for terminologiarbeid i dei nordiske landa. Det første arbeidet med teknisk terminologi vart gjennomført så tidleg som på slutten av 1800-talet. Organisert terminologiarbeid går på Island tilbake til starten av 1900-talet og i Danmark, Finland, Noreg og Sverige til 1940-åra.

Nordterm vart skipa i 1976, då representantar for terminologiorgana i Danmark, Finland, Noreg og Sverige møttest i Stockholm for første gong. Dette førte til fleire felleskurs og uformelle samtalar om ulike prosjekt. Det var eit stort behov for nordisk samarbeid om terminologi, og det viste seg at slikt samarbeid var effektivt. Dei noverande vedtektene for Nordterm kom i bruk i 1987, og dei siste endringane vart innarbeidde i 2005.